Årsplan for Kaupanger speidargruppe 2019

På denne sida finn du forslag til kva som er nyttig å ha med seg […]

Kaupanger speidargruppe har fokus på friluftsliv og dei moglegheitene som ligg i å bruke naturen rundt oss. Vi legg vekt på at det skal vere låg terskel og kjekt å delta på turar og arrangement med oss. I dette ligg det m.a. at speidargruppa er opptekne av å stille med naudsynt utstyr slik at økonomien til speidarane og deira familiar ikkje skal vere til hinder for å ta del i dei gode natur- og fritidsopplevingane.