Kaupanger speidargruppe inviterar til gratis RAFTING
Laurdag 29.august 2015.
Meir info, sjå http://www.riverpig.no
ELVEPURKA eller BOSS HOG
Me legg opp til 2 ulike turar i år, ELVEPURKA og BOSS HOG. ELVEPURKA for alle mens BOSS HOG er open for speidarar over 15 år.
KØYRING
Me møtest ved Kaupangersenteret kl. 12.30 for felles køyring inn til Jostedalen. Raftinga startar kl. 14. Det kan bli naudsynt at 1-2 foreldre køyrer, dersom det blir mange deltakarar.
KLE
Ta med gode ullkle (ulltrøye og ullstillongs) for å ha på kroppen under våt-draktene, gjerne 2 lag (me får utlevert våtdrakter, sko, redningsvestar og hjelm) + handduk.
MAT:
Kvar enkelt speidar tek sjølv med seg litt mat og drikke.
PÅMELDING:
Påmelding til Harald så snart som råd, og seinast innan mandag 24.august via epost: fimreite@online.no eller på SMS på telefon: 91 80 57 68.
Hugs å skriva namn og kva tur du vil vera med på ! Det kan bli fullt, så det er først til mølla
HENTING:
Det er noko usikkert kva tid me er attende ved Senteret, men dersom raftinga tek 3 timar vil me vera attende ca. kl. 18.
Har du spørsmål er det berre å ringja:
Harald Fimreite
Mobil: 91 80 57 68