Invitasjon til speidaropptak 2016

fredag 22. april 2016

St.Georgsdag og SPEIDAROPPTAK/ROVEROPPTAK i Svartahol laurdag 23. april 2016

Speidaropptaket/gudstenesta startar laurdag kl. 17.00.

Me vil invitera foreldre, besteforeldre og syskin m.fl. til å delta på speidaropptaket i lag med speidarane. Ta med eigen grillmat og gjerne ei kake for felles kakebord.  Kaupanger speidargruppe lagar kaffi/saft til alle.  Dersom nokon ynskjer noko anna å drikke må dei ta med seg dette.

Dei speidarane som vil overnatte må sjølve òg ha med seg det dei treng til frukost søndag.

Det vert speidaropptak for aspirantar og roveropptak samt fornying av speidarløftet for alle speidarane.

Speidarane treng ein god sovepose til overnattinga (ikkje sommarsovepose).  Dersom ikkje speidaren har ein skikkeleg sovepose bør foreldra gje speidaren dette ved næraste høve (t.d. til gebursdag eller til jul). Vidare treng speidarane kopp, plastservice og bestikk (dette er standardutrustning for speidarane på alle turar).

Dei treng òg liggeunderlag, lykt/hovudlykt, kniv, fyrstikker, ullkle (for natta), gode utekle (både bukse og jakke) som tåler regn og gode sko (helst fjellsko eller goretex joggesko).  Ei lita førstehjelpspakke er og godt å ha med på tur (sjølv om me leiarane alltid har med dette på speidarturane).  Me har presenningar for bygging av gapahukar.  Dei yngste speidarane kan òg liggja i den permanente gapahuken eller inne i hytta.

Sjå òg pakkeliste på heimesida.  Her er det nemnt ein del ekstra som kan vera aktuelt å ta med på nokre av turane (hue/vottar, ekstra ullsokkar, ryggsekk etc.).

8.klasse og oppover kan få liggja for seg sjølv i området rundt Svartahol.

KOKKEKAMP I SVARTAHOL LAURDAG KVELD:

Me utfordarar samstundes alle speidarane til KOKKEKAMP laurdag kveld.  Slå dykk i lag og ta med dei ingrediensar som de treng til å lage mat på bål – og imponer leiarane og dei andre speidarane. 

Me stiller med dommarar, og det blir premiering slik som tidlegare år.

OPPMØTE: Speidaraspirantane møter kl. 15.30 ved bommen.  Dei andre speidarane møter kl. 16.00 (dette for å unngå kaos ved avlevering).

HENTING: Speidarane hentast att ved bommen kl. 11.00 søndag.

Speidarhelsing

Sverrir, Matthias og Harald