Speidarlandsleir Bodø bindande påmelding

sundag 15. januar 2017

SISTE FRIST FOR BINDANDE PÅMELDING

TIL SPEIDARLANDSLEIR I BODØ

ER ONSDAG 25. JANUAR 2017

Som tidlegare varsla skal Kaupanger speidargruppe reise på speidarlandsleir i Bodø 1. til 8. juli 2017. Noregs speidarforbund har no opna for påmelding. Leiravgift per speidar er fastsatt til 2.600 nkr som betalast av alle speidarar.

REISE

Me skal ta fly frå Sogndal, Bergen eller Oslo (avhengig av kor mange speidarar som reiser). Pris på reise er skissert på 2.000 nkr per speidar per flytur, altså 4.000 nkr totalt. Kaupanger speidargruppe går inn med sponsing av reiseutgifter på 3.000 nkr per speidar slik at total reiseutgift vert 1.000 nkr. Reiseutgiftene kan ytterligare reduserast dersom me får til sponsing frå det lokale næringslivet.

Frist for innbetaling av endeleg totalsum (minimum 2.600 nkr; maksimum 3.600 nkr) til Kaupanger speidargruppe vert fredag 31. mars. Det kjem meir informasjon om dette når endeleg sum er faststatt.

OM LEIREN

Det finnes detaljert informasjon om sjølve landsleiren, organisasjon, mat, haik, besøk med meir på landsleiren si heimside http://nord2017.no/. Det er mogleg for foreldre (som til dømes ynskjer å leggja sin ferie til Nord-Noreg i år) å bu i eige gjesteleir som har plass til telt, bobil og campingbil. Pris for stor plass (t.d. 4 personar i telt eller campingvogn med bil) vert 250,- nkr per døgn og maksimum 1.000 nkr for ei veke; 25 nkr kjem i tillegg for kvar person per døgn utover 4 personar. For liten plass, dvs. 2 personar i telt, vert prisen 150,- nkr per døgn og maksimum 600,- nkr for ei veke. I tillegg kjem strøm om så trengs.

BINDANDE PÅMELDING

Det har vore 42 speidare som er førebels påmeldt. Me vonar at fleire speidarar har høve til å vera med til Bodø særleg nå da opprinnelig pris vert redusert kraftig. Dette er ein alle tiders oppleveing det er verdt å vera med på.

Send utfylt påmeldingsskjema (nedanfor) innan fristen onsdag 25. januar og ver med på årets høgdepunkt! Ved spørsmål ta kontakt med Sverrir (913 02 615 obs: nytt telefonnummer) eller Matthias (975 62 968) eller sjå speidarlandsleiren si heimeside http://nord2017.no/. Følg også med på heimesida og facebook som oppdateres fortløpande.

Meir informasjon kjem etterkvart. Helsing leiarane!

 

 

Årsmøte 2017

sundag 8. januar 2017

logo-speiderforbund                                                                                                                         logo-kaupanger-speidargruppe

Innkalling til Årsmøte i Kaupanger speidargruppe

Sundag 15. januar 2017, kl.18 på Vesterland

 

Me inviterer speidarar, speidaraspirantar, foreldre, sysken, besteforeldre og vener til å vera med på Kaupanger speidargruppe si årsmøte.

 

Saker:

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste
  2. Årsmelding 2016 og årsplan 2017
  3. Rekneskap 2016
  4. Budsjett 2017
  5. Takk for motteken støtte i 2016
  6. Val av gruppeleiar, kasserar og revisor
  7. Krisemaksimering
  8. Oppdatering av adresselista
  9. NORD 2017 – Speidarlandsleir i Bodø frå 1. til 8. juli 2017
    • Introduksjon ved leiar for Sogn og Fjordane speidarkrets Trine Ludvigsen Rygg
    • Informasjon ved gruppeleiar og troppleiar
      • Reisemåte, kostnad, transport av utstyr, sponsing/foreldreansvar, dugnad og fristar – påmelding
      • Førehandsoppgåver, haik og program
      • Medlemskap og politiattest
      • Gjester på leiren
      • Informasjon på internett: nord2017.no
  10. Ymse/Anna

 

Ta med kaffimat for felles kakebord.  Me serverar saft og kaffi. Under maten vert det framsyning av bildar/video frå turane i 2016.

VEL MØTT!

Leiarane i Kaupanger speidargruppe

logo-nord-2017