Logga inn og utInnhaldet på denne sida vart sist oppdatert 6. april 2014 kl 14:39 av Nettkongen.no v/Aleksander

Du kan logga deg inn i kontrollpanelet til nettsidene så lenge du har internett på einheiten du nyttar. Du kan bruka til dømes data med Windows eller Mac OS, nettbrett eller mobiltelefon. Funksjonaliteten er noko annleis på einheiter med begrensa skjermflate (nettbrett og mobilar). All dokumentasjon føreset at du nyttar ei datamaskin.

Logg inn

  1. Gå til http://speidar.no/kaupanger/wp-admin eller bruk lenka For leiarar i toppmenyen
  2. Angi brukarnamn og passord som du har fått tildelt
  3. Dersom du sit ved ei privat datamaskin kan du huka av for Hugs meg – då slepp du å logga inn kvar gang du skal inn i kontrollpanelet
    1. Ikkje nytt denne funksjonen om du sit ved ei maskin som vert brukt av fleire utan at du loggar deg av
  4. Vel Logg inn

Gløymt passordet ditt?

  1. Vel lenka Gløymt passordet ditt?
  2. Angi brukarnamnet eller e-postadressa di
  3. Vel Hent nytt passord
  4. Du får no ein e-post med ei lenke til ei nettadresse der du kan endra passordet ditt

Logg ut

Det er ein god vane å alltid logga deg ut av kontrollpanelet når du er ferdig, slik ikkje andre som nyttar maskina får tilgang

  1. Så lenge du er logga inn vil du sjå ei linje øvst i nettlesarvinduet
  2. Til høgre vil namnet eller brukarnamnet ditt stå
  3. Klikk på dette og vel Logg ut frå menyen

loggInn

nyttPassord

loggUt