Om Kaupanger Speidargruppe

Kaupanger speidargruppe har dei siste åra hatt om lag 100 medlemar. Me har fokus på friluftsliv og dei mulegheitane som ligg i den flotte naturen me har rundt oss.

Me startar med aspirantopplæring i 5. klasse. Normalt har me informasjonsmøte rett etter haustferien. Opplæringa pågår nokre kveldar og nokre helgar i løpet av hausten og vinteren, og aspirantane vert tekne opp som fullverdige speidarar i Svartahol på St. Georgsdag i slutten av april.

Som speidar vert det tur om lag ein gong i månaden. Faste årlege aktivitetar vert (a) om vinteren: årsmøtet, akemoro i Svartahol, snømoro på Hodlekve; (b) om våren: speidaropptak med kokkekamp, speidarfrokost med flaggheis og tog og leikar 17. mai, roverutfordring og roveraspiranttur, sommaravslutning; (c) om hausten: tematur med rafting, padling, geologi eller anna, 24 timers årsavslutning på Fjordstova i Skjolden, oppsetjing av juletre på Kaupanger. Sjå årsplanen for detaljer. Det er heilt frivillig å delta på turar, og har du ikkje lyst eller høve til å vera med ein gong eller to, så er det heilt greitt! I tillegg pleier me å vere med på landsleir kvar fjerde år og på kretsleir annakvart år mellom landsleirane.

Me var største deltakande speidargruppe på landsleiren Utopia i 2009NRK Sogn og Fjordane

Kaupanger speidargruppe er heilt avhengig av å ha mange nok leiarar til einkvar tid. Det er difor ynskjeleg at foreldre til aspirantane engasjerer seg så tidleg som mogleg.

Me ynskjer oss fleire aktive leiarar, så dersom du som forelder kan tenkja deg å vera med, så ta kontakt med Matthias, Sverrir eller Harald.

Kaupanger Speidargruppe samarbeidar med grunneigarar og mange ulike lag og organisasjonar i bygda og kommunen, og me set stor pris på den gode støtta me har i bygda. Me vil òg takka alle som støttar oss med Grasrotandelen.