Padletur til Holm

Kaupanger speidargruppe inviterer til:

Padletur til Holm

Fredag 17. til laurdag 18. august

INGA PÅMELDING

 

Fredag 17.8.

17:00 Oppmøte ved STUPETÅRNET i Amla

17:00-19:00 Padling til Holm; dei som ikke ynskjer å padle kan sitja på i båt

19:00-20:00 Rigge til leiren og lage bål og mat. Me ligg i telt (eller gapahuk dei som ynskjer det) – OBS: Ta med eige (grill-)mat og drikke for heile turen

20:00 og utover fri leik og aktivitet; leirbål

Laurdag 18.8.

ca. 08:00-09:00 Frukost – OBS: Ta med eige (grill-)mat og drikke for heile turen

09:00-11:30 Aktivitetar (me tek med oss våtdrakt til alle)

  • Kubbespel
  • Redning med livline
  • Tubekøyring (om vêret tillet det)
  • Kanuvelting m.m.
  • Ta med fiskestang dei som har lyst å fiske

11:30-12:00 Lunsj – OBS: Ta med eige (grill-)mat og drikke for heile turen

12:00-15:00 Aktivitetane fortsetter

15:00-17:00 Padling tilbake til Amla; dei som ikke ynskjer å padle kan sitja på i båt. Alle hjelper til med opplasting av kanoar og utstyr.

Henting kl. 17:00 ved STUPETÅRNET i Amla

Sjå elles pakkelista for overnattingstur på heimesida

For meir informasjon og ved spørsmål ring eller send melding til Jon (913 87 554)