Kaupanger arrangerar “dykking” og eskimorulle med kajakk, søndag 22.mars kl. 16-19

sundag 15. mars 2015

Kaupanger speidargruppe samarbeidar med Sogndal dykkarklubb om dette, og aktiviteten er gratis for speidarane.

NB: Aktiviteten gjeld for 8.klasse og oppover.

Speidarane får prøve å dykka i bassenget og pusta under vatn/symja under vatn ved hjelp av luft frå dykkarane. Ein dykkar føl kvar enkelt speidar.

I tillegg vil dei speidarane som ynskjer det få prøva seg på «eskimorulle» med kajakk i bassenget.

PS: Det er oppvarma vatn i bassenget denne helga.

Møt opp ved inngangen til symjehallen i Sogndal kl. 16. Speidarane hentast att kl. 19.

Ved spørsmål, ta kontakt med Harald på telefon 91 80 57 68.

Helsing speidarleiarane.

VINTERMORO PÅ HODLEKVE 13.-15. MARS

laurdag 21. februar 2015

Kaupanger speidargruppe inviterer til vintermoro i Hodlekve for speidarar og speidaraspariantar 13. til 15. mars 2015

OBS: PÅMELDINGSFRIST TORSDAG 5. MARS! Bruk påmeldingsskjema nede.

FREDAG 13. mars

  • Samling ved SIL-hytta i Hodlekve frå kl 18:00
  • Me har alpinanlegget fram til ca. kl. 20:30
  • Anlegget er ope for heile speidarfamilien (foreldre, syskjen, besteforeldre, venar m.m.)
  • Pris: 100,- per speidar/aspirant (familie, venar m.m. gratis)
  • Det vert kvelds i hytta frå ca. kl. 20:30
  • Frå kl. 21:00 vert det informasjon for dei i 8. klasse og oppover som skal på snøholetur laurdag. Sjå info nedst bak påmeldingsskjemaet
  • Aspirantane er velkomne i anlegget og til kvelds fredag men reiser heimatt same kveld. Dei kjem att til Hodlekve laurdag kl. 10:00 og dei aspirantane som ynskjer det får lov til å overnatte i hytta frå laurdag til sundag
  • OBS: Me ber om at alle foreldra tek med seg mat som me set på eit langbord til kvelds!

LAURDAG 14. mars

  • Aspirantane kjem kl. 10:30; dei aspirantane som vil får overnatte i hytta til sundag
  • Me vert ute heile dagen med ulike ski- og snøaktivitetar
  • Snøholetur frå 8. klasse og oppover med overnatting i snøhole (for dei som vil); dei som skal på snøholetur vert truleg frakta med snørekøyring etter snøskuter opp på fjellet
  • Om kvelden vert det kos og moro inne i SIL-hytta
  • Kan du bidra med programm (song, vitsar, historier, sketsjar m.m.)? Still opp åleine eller i grupper. Det er mogleg å ta dramamerke for dei som har laga til skikkeleg underhaldning

SUNDAG 15. mars

  • Rydding ut av hytta innan kl. 10:00
  • Henting kl. 11:00

TA MED

  • Godt med kle og utstyr for å vere ute i fleire dagar; speidarskjerf dei som har
  • Ski til å gå i fjellet med og eventuelt slalåmutstyr/telemarksutstyr i bakken; akebrett OBS: MERK SKI OG KLEDE!
  • Sovepose og liggeunderlag
  • Kopp, fat og bestikk
  • Maten (utanom fredagskvelden) vert kjøpt inn og ordna felles

PÅMELDINGSFRIST torsdag 5. mars

 

NOKRE PRAKTISKE TING om det å liggja i snøhole

Nokre praktiske tips om det å ligja i snøhole.

  • Me delar oss inn i grupper på 4 til 5 personar. Alle må være med å grava si hole. Det er tungt arbeid å grava snøhole, så me byter på den tyngste jobben. Arbeidet med gravinga tek nokre timer alt etter snøforholda. Ingen er fri før hola er ferdig.
  • Dette er viktig: Ta med regnklede til bruk under gravinga, slik at du unngår å bli våt under gravinga. Jobb jamt og ta småpauser, slik at du unngår å bli svett, og deretter kald når du tek pause. Ta med fotposer, eller om du ikkje har slike, knabber du pappa sine STORE raggsokker, som du kan dra utenpå skiskoa. Det hjelper deg til å holde deg varm på føttene. Hugs å eta og drikka nok.
  • Ta med klesbyte, helst ullunderkle. Du MÅ byta på deg før du legg deg. Sjå pakkelista for vinterturer på heimesida til speidaren.
  • Du må ha god sovepose og godt underlag.
  • Ta med termos og kubbalys: Snøhole + varm sovepose + kakao + talglys = kjempekos.
  • Temperaturen inni snøhola er om lag 0 grader, så om du er tørr og god er dette alle tiders gapahuk. Me har med spader, stormkjøken og mat til turen. Utstyret må pakkes i ryggsekk, og ikkje pakk større sekk enn du klarer å gå og køyre på ski med den. Du må ha turski, ikkje alpinski eller snowboard!
  • Til dei føresette: Det er dårlig mobildekning i området me skal være i. Det er kanskje like greitt å leggje igjen mobilen heime så den ikkje blir øydelagt av snø. Som tryggleik får me låna VHF radio av Røde kors.

Speidarhelsing leiarane

Ta gjerne kontakt med Sverrir (404 00 475) eller Matthias (975 62 968), skriv e-post til speidar.epost@gmail.com eller skriv melding i meldingsboksen ved påmeldinga om du har spørsmål

Aketur med overnatting i Svartehol 6.-7. februar

fredag 30. januar 2015

Aketur med overnatting i Svartahol 6.-7.februar

Det vert aketur med overnatting for alle speidarane

fredag 6. februar til laurdag 7. februar.

Fredag:

Ingen påmelding, berre møt ved bommen kl 18.00. Me går på beina til Svartehol. Me skal liggje i gapahuk (dei som vil).

Ta med

 

skikkeleg sovepose for å liggja ute i minusgrader (Rekorden er -18)

liggjeunderlag (gjerne 2)

gode og varme kle

gode og varme bytekle (ullkle)

kjelke/akebrett

hovudlykt/lommelykt med reservebatteriar

tjukk plastflaske/varmeflaske med ullsokk rundt til å ha varmt vatn i

(for å leggja i soveposen når ein legg seg)

Eventuelt forslag til pakkeliste: sjå heimeside speidar.no/kaupanger/pakkelister

 

Laurdag

Det vert aking og andre aktivitetar på laurdag. Speidarane hentast att ved bommen kl. 15:00.

Mat:

Ta sjølv med mat og drikke for kvelds fredag og frukost og lunsj laurdag.

 

Er det noko du lurer på ring Sverrir 40400475

Speidarhelsing leiarane

Årsplan 2015

fredag 30. januar 2015

ÅRSPLAN 2015

Månad: Aktivitet: Ansvar for planlegging:utheva navn er turansvarlig
Januar Årsmøte søndag 25.januar kl. 18.00 på Vesterland  Matthias, Sverrir, Harald
Februar Akemoro i Svartehol 6-7 februarAspirantane kjem oppover laurdag 7 februar 11-15
Sverrir, Anders, Matthias, Egil 
Mars Skiaktiviteter i Hodlekve 13-15 mars, med snøholetur for dei eldste  

Dykking og kajakk i basseng søndag 22.mars ?

Harald, Erling, Anders, Matthias 

Egil, Anders, Harald

April Roveraspiranttur 24.-25. aprilRoverane planlegg ulike aktivitetar.

 

St.Georgsdag (23 april) og speidaropptak/roveropptak i Svartahol 25.-26.april.

 Kokkekamp/matlaging på bål !

Roverane, Sverrir 

 

Sverrir, Karl Helge

Mai Ryddeaksjon tysdag 5.mai. Sonja, Hilde N
17.mai:Flaggheis, frukost,

 

17-mai tog og leikar på skuleplassen

Sonja, Rebecca, Margunn, Hilde N
ROVER-utfordring maiLeiarane planlegg ulike utfordringar for roverane. Harald, Matthias, Hilde N, Erling
Juni Kretsleir Refvik i Vågsøy kommune 20 – 27 juniFriluftsliv gjennom tidene Alle
Juli Sommarferie
August Familietur til Aurlandsfjellet (Fisking og fjelltur) 21-23 august

 

Rafting 29/30 august

Sverrir, Hilde O, Anders, Sonja 

Harald, Sverrir, Anders

September Merketur til Vassløysa 25-26 september(førstehjelp

 

Museeumsdag i september (6.klasse møter i speidarkle)

 

Hilde O, Anders 

 

Aspirantleiarar, Sverrir

Oktober Nattseilas   Harald, Erling
Informasjonsmøte om aspirantopplæringa i veke 42 ! Matthias, Sverrir
November Årsavslutning på Fjordstova 14-15 november Paintball, pistolskyting, klatring, salonggeværskyting etc.

 

 

Juletre tenning i parken 28.november

 

Sverrir, Harald, Hilde N, Roger 

Leiarar for aspirantopplæringa

 

 

Invitasjon til 24 timar med speidarmoro 15.-16.november på Fjordstova

onsdag 5. november 2014

 

24 TIMAR MED SPEIDARMORO !

     Fjordstova 15.-16. november 2014

 

Frammøte i Skjolden laurdag kl. 15.00 – henting i Skjolden søndag kl. 15.00

PS: Me oppfordrar foreldra om å avtala samkøyring seg imellom.

Møt difor på Kaupangersenteret kl. 13.45 for eventuell samkøyring.

 

NB: Me treng 2-3 foreldre som kan møta ca. kl. 12 søndag for å hjelpa til med maten og deretter opprydding og vasking.  Gje tilbakemelding på E-post til Harald på fimreite@online.no hvis du kan hjelpa til med dette.

 

Program – laurdag:

Registrering 15.00

Mat ca. kl. 15.30  Bollar + saft. NB: 7.klasseforeldre lagar bollar.

Aktivitetar kl. 16.00 – 19.00

Luftpistolskyting (for 8.klasse og oppover), 4 pistolar og 1 gevær

Førstehjelp

Klatring (alle)

Fri bading (alle)

Moro i gymsalen (alle)

Matlaging kl. 19.00 – 20.00

Kveldsmat kl. 20.00 (TACO)

Underhaldning 21.00 – 21.30 (me utfordrar her speidarane til å underhalda)

Bading 21.30 – 23.30 (6.-8.klasse 21.30 – 23.00, 9.kl.- rover 23.00 – 00.30)

Moro i Gymsalen 21.30 – 23.00 (alle)

Film ca. 22.00 – 24.00 (alle)

Program – søndag:

Frukost 8.30

Aktivitetar kl. 9.00 – ca. 12.00

Paintball kl. 9.00 – 14.30 for 9.klasse + 10.klasse + roverar + leiarar

(hugs gode ytterklær, gode utesko og hue og hanskar)

Salonggeværskyting for alle, 7 pr. lag (2 vaksne må hjelpa til)

Klatring (alle)

Bading/symjing med klær (alle)

Moro i gymsalen (alle)

Hamburger og pommes frites kl. 12.30 (Paintballgjengen får grillmat).

 

Ta med: Sovepose, liggeunderlag, badetøy, handkle, toalettsaker, innesko med LYS såle.  Joggebukse og gensar til bading + plastpose for våte klær.

 

Påmelding på E-post s snarast, og seinast innan TYSDAG 11.november.

Kostnad kr. 100,- for alle speidarar (betalast ved registrering).

Kr. 100,- (ekstra) for dei som vil spela paintball søndag.

 

NB: Speidarar under 16 år som skal vera med på paintball må få foreldra til å underteikna fylgjande skjema som de skriv ut og tek med dykk til Fjordstova:

http://lusterpaintball.no/sikkerhetsreglar2013.pdf

Velkomen

Kaupanger speidargruppe