Geologitur med overnatting i dei «kvite magiske grottene»

sundag 14. september 2014

GEOLOGITUR med overnatting i DEI KVITE MAGISKE GROTTENE

Fredag 26. september vert det organisert speidartur til «Dei kvite magiske grottene» i Nærøydalen ved Gudvangen. Alle speidarar er inviterte. Det vert anledning til å ta geologimerke for dei som ynskjer det.

Overnatting i grottene er ufarleg; me søver rett ved utgangen. Me skal få litt lys i grottene. Me tar med grill som med settjer opp rett ved utgangen for å laga grillmat og frukost. Toalett finst ute ved parkeringa. Me skal få ein guida tur i grottene og kan deretter bruke grottene som me ynskjer. Speidarane må ta med:

  • god sovepose
  • godt liggjeunderlag (bakken er laga av stein)
  • hovudlykt eller lommelykt med ekstra batteriar
  • grillmat og drikke til middag fredag; me får kaffi og kakao og kan laga saft
  • mat til frukost laurdag; me får kaffi og kakao og kan laga saft
  • mat OG DRIKKE til lunsj laurdag: OBS: her vert det ikkje grillmat!
  • det er alltid kaldt i huler; tek difor med varm klede, hue og handsker
  • Tidsplan:

FREDAG 26. september

  • Oppmøte: kl. 16:45 ved Kaupangersenteret
  • Avreise: kl. 17:00 frå Kaupangersenteret
  • Ankomst ved grottene: ca. kl. 18:30

LAURDAG 27. september

  • Avreise: kl. 10:00 frå grottene
  • Tur: kl. 10:00-14:00 Geologitur til Stalheim og til Flåmsdalen
  • Heime: ca. kl. 15:40 ved Kaupangersenteret

OBS: Me køyrer med private bilar. Avhengig av kor mange speidarar som melder seg på sender me ut melding til foreldre dersom me treng fleire bilar. Me vonar at foreldre i tilfelle stiller opp med bil. Turen vert gratis. Da me treng tal deltakarar vert det PÅMELDING.

PÅMELDINGSFRIST: sundag 21. september kl. 12:00

Skriv inn ei melding i påmeldinga dersom du kun ynskjer å vere med på grottetur og ikkje på overnatting. Dette er mogleg men du må ordne med reise og heimreise sjølv.

Har du spørsmål? Send SMS til Matthias eller Sverrir

Ny nettside

torsdag 11. september 2014

Den gamle nettsida har vore ute av drift alt for lenge, men no kjem ei ny og moderne nettside for Kaupanger Speidargruppe.
Den er utvikla av Aleksander og Kristoffer Grinnbo Høyum i firmaet Nettkongen.no . Sida er utvikla og drifta utan kostnad for Kaupanger Speidargruppe :)

Rafting i Jostedøla

sundag 24. august 2014

Ikledd våtdrakter, vester og hjelmer padler vi nedover Jostedøla mens adrenalinet flommer. Latteren sitter løst, og både unge og gamle hyler med barnslig glede når bølgene treffer båten. Vi er på rafting i Jostedalen!

Det var 24 meir eller mindre spente speidarar ifra 9 klasse og oppover ville være med på rafting i Jostedøla :)

Vi blir møtt av en smilende gjeng som tar oss godt i mot. Etter ein liten matbit er det på tide å skifte. Våtdrakter, redningsvester og hjelmer blir utdelt. Spente, og litt nervøse, går vi så ned til elva. Båtene blir båret uti elva og vi blir opplyst om sikkerhet og får informasjon om rafting-turen vår. Nå er det ingen vei tilbake!

Mens bølgene spruter mot oss, står guiden vår og roper motiverende og oppmuntrende. Vi gjør etter beste evne som han sier og padler, dukker og slår ”high five” med årene. Dette er kjempegøy, og akkurat passe skummelt. Guidene ifra hele verden som er med er veldig flinke og er med på å skape en flott opplevelse.

Alle kom trygt frem til mål, og stemningen er på topp. Det er full enighet i gruppa – dette må vi gjenta!

Minne frå landsleiren 2013: Klar for haik!

laurdag 3. mai 2014

Minne frå landsleiren 2013: Tur til Preikestolen

fredag 2. mai 2014