Tur til Lingesete 2009

laurdag 8. mars 2014

Grasrotandelen

laurdag 8. mars 2014

Her ser de kor mange spelarar som har støtta oss med Grasrotandelen gjennom spel hos Norsk Tipping dei siste åra, og kor mykje me har fått utbetalt. Grasrotandelen er ei stor støtte for Kaupanger Speidargruppe og me håpar så mange som mogleg benyttar denne sjansen til å støtta oss. Det kostar deg ikkje noko, og hverken innsats eller gevinst vert endra for deg.

grasrotandelen

Vil du støtta oss kan du skriva ut denne sida og ta med til tippekommisjonæren (du treng berre organisasjonsnummeret vårt; 988107441) eller du kan kobla tippekontoen din på norsk-tipping.no, om du nyttar det, til oss med nokre få klikk.

Tusen takk for støtta!

 

Vil du bli leiar?

sundag 2. mars 2014

Me ynskjer oss fleire aktive leiarar, så dersom du som forelder kan tenkja deg å vera med, ta kontakt med Trude på telefon 91556522 eller Daniel på telefon 90827356.

Vil du vera med?

sundag 2. mars 2014

Me startar med aspirantopplæring i 5.klasse.  Normalt har me informasjonsmøte rett etter haustferien.  Opplæringa pågår nokre kveldar og nokre helgar i løpet av hausten og vinteren, og aspirantane vert tekne opp som fullverdige speidarar i Svartahol på St.georgsdag i slutten av april.  Deretter er det turar om lag 1 gong i månaden.  Det er heilt frivillig å delta på turar, og har du ikkje lyst eller høve til å vera med ein gong eller to, så er det heilt greitt!

Minne frå Landsleiren i 2009

laurdag 8. februar 2014

Sjå meir…