Forhandspåmelding kretsleir 2019

onsdag 21. november 2018

FORHANDSPÅMELDING TIL KRETSLEIR I EIDFJORD

Speidarar og foreldre, me ynskjer ei forhandspåmelding av dei som kan tenkja seg å vera med på

Kretsleir til Eidfjord 29. juni – 6. juli 2019


DETTE ER IKKJE EI BINDANDE PÅMELDING 
men ei påmelding for at arrangøren skal ha eit antal å planlegga ut ifrå. Dette gjeld speidarar, leiarar og foreldre

PÅMELDINGSFRIST fredag 30. november
Påmelding til mobil: 91387554
eller på e-mail til: speidar.epost@gmail.com

Overnattingstur 8.-9. september

onsdag 5. september 2018

Speidarar og foresatte!

Minner om overnattingsturer til helga, 8.-9. september!

Oppmøte laurdag 8. september kl. 18:00 på Valeberg ved vegen opp mot Fredheim Maskin og Betong.

Henting ved museet kl. 12:00 sundag 9. september.

Dette vert ein kort tur, så alle kan vera med; me ynskjer sysken, foreldre, besteforeldre, venar og andre velkomne til å vera med på tur.

Ta med utstyr for overnatting i gapahuk.

Ta med mat til kvelds laurdag og frukost sundag.

VELKOMNE INNOM STANDEN VÅR PÅ MUSEET PÅ SUNDAG!

Helsing

Leiarane i Kaupanger speidergruppe

Padletur til Holm

torsdag 9. august 2018

Kaupanger speidargruppe inviterer til:

Padletur til Holm

Fredag 17. til laurdag 18. august

INGA PÅMELDING

 

Fredag 17.8.

17:00 Oppmøte ved STUPETÅRNET i Amla

17:00-19:00 Padling til Holm; dei som ikke ynskjer å padle kan sitja på i båt

19:00-20:00 Rigge til leiren og lage bål og mat. Me ligg i telt (eller gapahuk dei som ynskjer det) – OBS: Ta med eige (grill-)mat og drikke for heile turen

20:00 og utover fri leik og aktivitet; leirbål

Laurdag 18.8.

ca. 08:00-09:00 Frukost – OBS: Ta med eige (grill-)mat og drikke for heile turen

09:00-11:30 Aktivitetar (me tek med oss våtdrakt til alle)

  • Kubbespel
  • Redning med livline
  • Tubekøyring (om vêret tillet det)
  • Kanuvelting m.m.
  • Ta med fiskestang dei som har lyst å fiske

11:30-12:00 Lunsj – OBS: Ta med eige (grill-)mat og drikke for heile turen

12:00-15:00 Aktivitetane fortsetter

15:00-17:00 Padling tilbake til Amla; dei som ikke ynskjer å padle kan sitja på i båt. Alle hjelper til med opplasting av kanoar og utstyr.

Henting kl. 17:00 ved STUPETÅRNET i Amla

Sjå elles pakkelista for overnattingstur på heimesida

For meir informasjon og ved spørsmål ring eller send melding til Jon (913 87 554)

 

Sommarmoro på Fimreite 15-17 juni

torsdag 7. juni 2018

Kaupanger speidargruppe inviterer til

Sommarmoro på Fimreite

15.-17. juni 2018

Leiren er gratis for alle

Maten på Fimreite vert kjøpt inn av speidargruppa

Grunna innkjøp av mat treng me påmelding

Påmeldingsfrist: måndag 11. juni 2018 – bruk skjema nede

Program

Fredag 15. juni

  • Speidarane møter på Fimreite kl. 18:00
  • Registrering
  • Oppsetjing av leiren – eige område for roverane (!)
  • Grillmat og leirbål

Laurdag 16. juni

  • Frukost kl. 09:00
  • Aktivitetar kl. 10:00-14:00
    • Bading – hugs badekle og solkrem (!)
    • Kanopadling
    • Tubekøyring (!)
    • Bruskassestabling (!)
    • Ulike aktivitetar; ta gjerne med fiskeutstyr
  • Matlaging ca. 14:00-16:00

Ope leir kl. 16:00-19:00! Her er foreldre, syskin, besteforeldre og alle andre velkomne til å sjå på eller vera med på aktivitetane! Ta eventuelt med grillmat til dykk sjølve!

  • Kveldsmat kl. 20:00-22:00 grillmat
  • Felles leirbål kl. 22:00-23:00

Sundag 17. juni

  • Frukost kl. 09:00
  • Nedrigging av leiren frå kl. 10:00
  • Lunsj og frie aktivitetar frå kl. 12:00
  • Speidarane hentast kl. 13:00 på Fimreite

Ved spørsmål ta kontakt med Jon (913 87 554) eller Roger (906 27 039)

PÅMELDING – påmeldingsfrist måndag 11. juni 2018

 

Speidaropptak med kokkekamp og overnatting i Svartahol

torsdag 19. april 2018

SPEIDAROPPTAK med KOKKEKAMP og overnatting i Svartahol

Laurdag 21. til sundag 22. april 2018

Speidaropptak med gudsteneste og fornying av speidarløftet startar laurdag kl. 17.00.

Me vil invitera foreldre, besteforeldre og syskin m.fl. til å delta på speidaropptak i lag med speidarane

  • Ta med ei kake/anna for felles kakebord, og gjerne eige grillmat
  • Kaupanger speidargruppe lagar kaffi/saft til alle
  • Dersom nokon ynskjer noko anna å drikke må dei ta med seg dette sjølv

Speidaropptak

  • Aspirantane går samla frå bommen laurdag 21.4.2017 kl. 15:30
  • Speidarane kjem etter frå bommen kl. 16:00 (dette for å unngå kaos ved avlevering)
  • Speidaropptak med speidargudsteneste og fornying av speidarløfte begynner kl. 17:00
  • Ta med speidarskjorte of speidarskjerf dei som har

Kokkekamp i Svartahol laurdag kveld

  • Me utfordrar samstundes alle speidarane til å delta i KOKKEKAMP laurdag kveld
  • Slå dykk i lag og ta med dei ingrediensar som de treng til å lage mat på bål
  • Imponer leiarane og dei andre speidarane
  • Me stiller med dommarar, og det vert premiering slik som tidlegare år

Overnatting

  • Speidarane og aspirantane som ynskjer det får lov til å overnatte
  • Den faste gapahuken brukast først og fremst av aspirantane (om dei ikkje ynskjer å liggja i eige gapahuk)
  • Alle får lov til å laga eige gapahuk i området rundt Svartahol
  • Dei som vil kan også overnatte i hytta (begrensa med plassar)
  • Ta med eige (grill-)mat og drikke til kvelds laurdag (eller et maten dykk laga på kokkekamp)
  • Ta med eige (grill-)mat og drikke til frokost sundag

Gudsteneste sundag

  • Takkoffer i kyrkja går i år til speidarrørsle. I høve dette er det kjekt om nokon Kaupangerspeidarar kan vera med i gudsteneste i stavkyrkja sundag. Dei som er med stiller i speidarskjorte og skjerf, og reiser ned litt tidlegare enn dei andre; også dei som ikkje er med på overnatting kan stille til gudsteneste i stavkyrkja om dei har høve. Vel møtt!

Viktig informasjon til aspirantane og påminning til speidarane

  • Speidarane treng ein god sovepose til overnatting (ikkje sommarsovepose). Dersom ikkje speidaren har ein skikkeleg sovepose bør foreldra gje speidaren dette ved næraste høve (t.d. til gebursdag eller til jul)
  • Vidare treng speidarane kopp, plastservice og bestikk (dette er standardutrustning for speidarane på alle turar)
  • Dei treng òg liggeunderlag, lykt/hovudlykt, kniv, fyrstikker; ullkle og hue for natta; gode utekle (både bukse og jakke) som tåler regn, og gode sko (helst fjellsko eller goretex joggesko)
  • Ei lita førstehjelpspakke er og godt å ha med på tur (sjølv om me leiarane alltid har med dette på speidarturar)
  • Me har presenningar for bygging av gapahuk. Dei yngste speidarane kan òg liggja i den permanente gapahuken eller inne i hytta.
  • Sjå òg pakkeliste på heimesida. Her er det nemnt ein del ekstra som kan vera aktuelt å ta med på nokre av turane (hue/vottar, ekstra ullsokkar, ryggsekk etc.).

HENTING: Speidarane hentast att ved bommen kl. 11.00 sundag

Speidarhelsing

Leiarane