Hodlekve 9-11 mars 2018

onsdag 28. februar 2018

Kaupanger speidargruppe inviterer til vintermoro på Hodlekve 9.-11. mars 2018

OBS: PÅMELDINGSFRIST MÅNDAG 05. MARS – Bruk påmeldingsskjema nede

OBS NYTT I ÅR: Alle som overnatter MÅ ha med eige liggjeunderlag (det finnes ingen madrasser lenger)! 

FREDAG 9. mars

  • Samling ved SIL-hytta i Hodlekve frå kl 18:00
  • Pris: 150,- per speidar/aspirant (familie, venar m.m. gratis)
  • Me har alpinanlegget fram til ca. kl. 20:30
  • Anlegget er ope for heile speidarfamilien (foreldre, syskjen, besteforeldre, venar m.m.)
  • Det vert kvelds i hytta frå ca. kl. 20:30
  • OBS: Me ber om at alle foreldra tek med seg mat som me set på eit langbord til kvelds!
  • Frå kl. 21:00 vert det informasjon for dei i 8. klasse og oppover som skal på snøholetur laurdag. Sjå info nedst bak påmeldingsskjemaet
  • Aspirantane er velkomne i anlegget og til kvelds fredag men reiser heimatt same kveld. Dei kjem att til Hodlekve laurdag kl. 10:00 og dei aspirantane som ynskjer det får lov til å overnatte i hytta frå laurdag til sundag

LAURDAG 10. mars

  • Aspirantane kjem kl. 10:00; dei aspirantane som vil får overnatte i hytta til sundag
  • Me vert ute heile dagen med ulike ski- og snøaktivitetar, med anna skal me prøva oss på skiskyting
  • Snøholetur frå 8. klasse og oppover med overnatting i snøhole (for dei som vil); dei som skal på snøholetur vert truleg frakta med snørekøyring etter snøskuter opp på fjellet.
  • Alternativt tilbod på skitur til Blåfjell for dei i 8. klasse og oppover.
  • OBS: Me treng hjelp av foreldre og rovere på laurdag heile dagen. Det kjem eige melding om dette. Kryss av på skjema nede om dykk kan stille.
  • Om kvelden vert det kos og moro inne i SIL-hytta
  • Kan du bidra med programm (song, vitsar, historier, sketsjar m.m.)? Still opp åleine eller i grupper. Det er mogleg å ta dramamerke for dei som har laga til skikkeleg underhaldning

SUNDAG 11. mars

  • Rydding ut av hytta innan kl. 09:00
  • Henting mellom kl. 09:00 og 10:00; OBS: det kan verte litt seinare for dei som overnatter i snøhole

TA MED

  • Godt med kle og utstyr for å vere ute i fleire dagar; speidarskjerf dei som har
  • Ski til å gå i fjellet med og eventuelt slalåmutstyr/telemarksutstyr i bakken; akebrett OBS: MERK SKI OG KLEDE!
  • Sovepose og liggjeunderlag
  • Kopp, fat og bestikk
  • Maten (utanom fredagskvelden) vert kjøpt inn og ordna felles

PÅMELDINGSFRIST måndag 05. mars

NOKRE PRAKTISKE TING om det å liggja i snøhole

Nokre praktiske tips om det å liggja i snøhole.

  • Me delar oss inn i grupper på 4 til 5 personar. Alle må være med å grava si hole. Det er tungt arbeid å grava snøhole, så me byter på den tyngste jobben. Arbeidet med gravinga tek nokre timer alt etter snøforholda. Ingen er fri før hola er ferdig.
  • Dette er viktig: Ta med regnklede til bruk under gravinga, slik at du unngår å bli våt under gravinga. Jobb jamt og ta småpauser, slik at du unngår å bli svett, og deretter kald når du tek pause. Ta med fotposer, eller om du ikkje har slike, knabber du pappa sine STORE raggsokker, som du kan dra utenpå skiskoa. Det hjelper deg til å holde deg varm på føttene. Hugs å eta og drikka nok.
  • Ta med klesbyte, helst ullunderkle. Du MÅ byta på deg før du legg deg. Sjå pakkelista for vinterturer på heimesida til speidaren.
  • Du må ha god sovepose og godt underlag.
  • Ta med termos og kubbalys: Snøhole + varm sovepose + kakao + talglys = kjempekos.
  • Temperaturen inni snøhola er om lag 0 grader, så om du er tørr og god er dette alle tiders gapahuk. Me har med spader, stormkjøken og mat til turen. Utstyret må pakkes i ryggsekk, og ikkje pakk større sekk enn du klarer å gå og køyre på ski med den. Du må ha turski, ikkje alpinski eller snowboard!
  • Til dei føresette: Det er dårlig mobildekning i området me skal være i. Det er kanskje like greitt å leggje igjen mobilen heime så den ikkje blir øydelagt av snø. Som tryggleik får me låna VHF radio av Røde kors.

Speidarhelsing leiarane

Ta gjerne kontakt med Jon (913 87 554) eller Roger (906 27 039), skriv e-post til speidar.epost@gmail.com eller skriv melding i meldingsboksen ved påmeldinga om du har spørsmål

24 T SPEIDARMORO 18-19 nov

laurdag 11. november 2017

24 TIMAR MED SPEIDARMORO !

Fjordstova 18. – 19. november 2017

Frammøte i Skjolden laurdag kl. 14.00 – henting i Skjolden søndag kl. 15.00

Møt difor på Kaupangersenteret kl. 12.45 for eventuell samkøyring.

Program – laurdag:

Registrering 14.00

Mat ca. kl. 14.30 Bollar + saft.

Aktivitetar kl. 16.00 – 19.00

Klatring (alle)

Fri bading (alle)

Moro i gymsalen (alle)

Matlaging kl. 19.00 – 20.00

Kveldsmat kl. 20.00 (TACO)

Underhaldning 21.00 – 21.30 (me utfordrar her speidarane til å underhalda)

Bading 21.30 – 23.30 (6.-8.klasse 21.30 – 23.00, 9.kl.- rover 23.00 – 00.30)

Moro i Gymsalen 21.30 – 23.00 (alle)

Film ca. 22.00 – 24.00 (alle)

Program – søndag:

Frukost 8.30

Aktivitetar kl. 9.30 – ca. 13.00

Paintball kl. 11.00 – 15.00 for 9.klasse + 10.klasse + roverar + leiarar

(hugs gode ytterklær, gode utesko og hue og hanskar)

Salonggeværskyting for alle, 7 pr. lag

Klatring (alle)

Bading/symjing med klær (alle)

Moro i gymsalen (alle)

Hamburger og pommes frites kl. 13.30 (Paintballgjengen får grillmat).

Ta med: Sovepose, liggeunderlag, badetøy, handkle, toalettsaker, innesko med LYS såle.

Joggebukse og gensar til bading + plastpose for våte klær.

Påmelding på E-post snarast, og seinast innan

TIRSDAG 14.november.

Kostnad kr. 0,- for alle speidarar

Velkomen

Kaupanger speidargruppe

Aspiranter

måndag 6. november 2017

Aspirantopplæring 2017-2018

Program NB: Det kan bli endringar

2017

Dato  Tysdag 17. oktober Tid          Kl. 18:30

Stad     Klasserom 5A på Kaupanger skule

Emne Informasjonsmøte om aspirantopplæring med aspirantar og foreldre

Dato     Tysdag 24. oktober

Tid              Kl. 18:30 – 20:30

Stad      Speidarlageret

Emne Opptenning av bål med hjelp; speidarhelsinga; speidarløftet; knutar

Ta med 2 vedskier kvar og opptenningsutstyr som du vil bruka (avis, fyrstikker, tennbrikettar og liknande); ta også med kniv, grillpølse, varm drikke og hovudlykt

Dato Tysdag 31. oktober

Tid             Kl. 18:30 – 20:30

Stad Speidarlageret

Emne Opptenning av bål ute i skogen utan hjelp; knutar

Me finn alt me treng ute i skogen; ta med kniv, grillpølse, varm drikke og hovudlykt

Dato Laurdag 11. november — Søndag 12. november

Tid      KI. 15:00 (laurdag) —ca kl 13:00 (søndag)

Stad Svartahol; oppmøte ved bommen mot Svartahol

Kosetur m/foreldre/foresatte: overnatting i Svartahol i hytta (eller under Gapahuk)

Foresatte kan ha ansvar for fleire aspirantar slik at alle aspirantane får vera med.

Det er plass til alle aspirantane inne i hytta.

Emne Opptenning av bål med ei fyrstikk; bruk av kniv, sag og øks; knutar, leikar etc.

Ta med utstyr for overnatting (sovepose, gode kle, kniv, hovedlykt etc) litt mat laurdag. Speidargruppa held kveldsmat laurdag og frokost på søndagen.

Dato Laurdag 02. desember

Tid            Kl. 11:00 – 15:00

Stad Oppmøte og henting i parken ved Kaupangersenter

Emne Hogging av juletreet; treet setjast opp og pyntast i parken; knutar Ta med kniv, mat til lunsj og varm drikke

Dato Sundag 03. desember

Tid       Kl. 15:45 – 16:30

Stad Parken ved Kaupanger senter

Emne Tenning av juletre kl. 16:00

Aspirantane serverer varm saft og peparkaker; Aspirantane tenner juletreet

God Jul

2018

Dato Tysdag 09. januar Tid  Kl. 17:30

Stad Oppmøte ved Kaupangersenter; henting på speidarlageret (ved NAF-bana)

Emne Sage ned juletreet; kvisting; kløyving; bruk av øks og sag; knutar Sage opp juletreet og kløve veden; ta med grillpølse og noko varmt å drikke

Dato Tysdag 16. januar

Tid             Kl. 17:30 – 19:30

Stad Kaupanger skule, klasserommet 5A

Emne Speidarlov, speidarbøn, fredsdagen, tenkjedagen, speidarsong; knutar Me er inne men har ei lita løype ute; ta med mat og drikke og hovedlykt.

Dato Tysdag 23. januar

Tid             Kl. 17:30 – 19:30

Stad Kaupanger skule, klasserommet 5A

Emne Fyrstehjelp

Me er inne; me har fire stasjonar med fyrstehjelp; ta med mat og drikke

Dato FEBRUAR

AKETUR PÅ SVARTAHOL (ein laurdag; dato er ikkje bestemt enda) Tid Kl. 11:00 – 15:00

Stad Svartahol; oppmøte ved bommen mot Svartahol

Emne Oppsetjing av gapahuk om vinteren; bruk av kniv, øks og sag; knutar; aking DET KJEM EIGE MELDING OM DETTE

Dato MARS

VINTERMORO PÅ HODLEKVE (ei helg; dato er ikkje bestemt enda) Tid         Ein fredagskveld; overnatting laurdag til sundag i SIL hytta.

Stad Hodlekve

Emne Diverse vinteraktivitetar

DET KJEM EIGE MELDING OM DETTE

Dato Tysdag 20. mars

Tid            Kl. 17:30 – 19:30

Stad Kaupanger skule, ute

Emne Flaggheis; lage pinnebrød på bål; speidaropptak; St. Georgsdag: knutar

Ta med deig til pinnebrød: bland to koppar mjøl med 1 ts bakepulver og ei halv ts salt; ha i passeleg med vatn og 1 ss med matolje; kna godt; rull deigen i sukker og kanel før steiking

Dato Laurdag 7. april — Søndag 8. april

Tid     Kl. 15:00 — ca 13:00 på søndag

Stad Svartahol, oppmøte ved bommen mot Svartahol

Emne Kart og kompass; pakking av sekk; setje opp gapahuk (evt lavvo); etc.

Kosetur med foreldre/foresatte (foresatte kan ha ansvar for fleire aspirantar slik at alle vert med) Ta med kompass dei som har, og ferdigpakka tursekk til overnattingstur slik du trur den er pakka rett

Dato Laurdag 21. april — Sundag 22. april

Tid     Oppmøte og henting ved bommen mot Svartahol

Stad Svartahol

Emne Speidaropptak med foreldre; speidargudsteneste; kokkekamp

DET KJEM EJGE MELDING OM DETTE

Aspirantopplæring 2017-2818

måndag 6. november 2017

Aspirantopplæring 2017-2018

Program – NB: Det kan bli endringar

2017

Dato  Tysdag 17. oktober Tid          Kl. 17:30

Stad     Klasserom 5A på Kaupanger skule

Emne Informasjonsmøte om aspirantopplæring med aspirantar og foreldre

Dato     Tysdag 24. oktober

Tid              Kl. 18:30 – 20:30

Stad      Speidarlageret

Emne Opptenning av bål med hjelp; speidarhelsinga; speidarløftet; knutar

Ta med 2 vedskier kvar og opptenningsutstyr som du vil bruka (avis, fyrstikker, tennbrikettar og liknande); ta også med kniv, grillpølse, varm drikke og hovudlykt

Dato Tysdag 31. oktober

Tid             Kl. 18:30 – 20:30

Stad Speidarlageret

Emne Opptenning av bål ute i skogen utan hjelp; knutar

Me finn alt me treng ute i skogen; ta med kniv, grillpølse, varm drikke og hovudlykt

Dato Laurdag 11. november — Søndag 12. november

Tid      KI. 15:00 (laurdag) —ca kl 13:00 (søndag)

Stad Svartahol; oppmøte ved bommen mot Svartahol

Kosetur m/foreldre/foresatte: overnatting i Svartahol i hytta (eller under Gapahuk)

Foresatte kan ha ansvar for fleire aspirantar slik at alle aspirantane får vera med.

Det er plass til alle aspirantane inne i hytta.

Emne Opptenning av bål med ei fyrstikk; bruk av kniv, sag og øks; knutar, leikar etc.

Ta med utstyr for overnatting (sovepose, gode kle, kniv, hovedlykt etc) litt mat laurdag. Speidargruppa held kveldsmat laurdag og frokost på søndagen.

Dato Laurdag 02. desember

Tid            Kl. 11:00 – 15:00

Stad Oppmøte og henting i parken ved Kaupangersenter

Emne Hogging av juletreet; treet setjast opp og pyntast i parken; knutar Ta med kniv, mat til lunsj og varm drikke

Dato Sundag 03. desember

Tid       Kl. 15:45 – 16:30

Stad Parken ved Kaupanger senter

Emne Tenning av juletre kl. 16:00

Aspirantane serverer varm saft og peparkaker; Aspirantane tenner juletreet

God Jul

2018

Dato Tysdag 09. januar Tid  Kl. 17:30-19:30

Stad Oppmøte ved Kaupangersenter; henting på speidarlageret (ved NAF-bana)

Emne Sage ned juletreet; kvisting; kløyving; bruk av øks og sag; knutar Sage opp juletreet og kløve veden; ta med grillpølse og noko varmt å drikke

Dato Tysdag 16. januar

Tid             Kl. 17:30 – 19:30

Stad Kaupanger skule, klasserommet 5A

Emne Speidarlov, speidarbøn, fredsdagen, tenkjedagen, speidarsong; knutar Me er inne men har ei lita løype ute; ta med mat og drikke og hovedlykt.

Dato Tysdag 23. januar

Tid             Kl. 17:30 – 19:30

Stad Kaupanger skule, klasserommet 5A

Emne Fyrstehjelp

Me er inne; me har fire stasjonar med fyrstehjelp; ta med mat og drikke

Dato FEBRUAR AKETUR PÅ SVARTAHOL (ein laurdag; dato er ikkje bestemt enda) Tid Kl. 11:00 – 15:00

Stad Svartahol; oppmøte ved bommen mot Svartahol

Emne Oppsetjing av gapahuk om vinteren; bruk av kniv, øks og sag; knutar; aking DET KJEM EIGE MELDING OM DETTE

Dato MARS VINTERMORO PÅ HODLEKVE (ei helg; dato er ikkje bestemt enda) Tid         Ein fredagskveld; overnatting laurdag til sundag i SIL hytta.