Påmelding til kretsleir 29. juni til 6. juli 2019

FRIST FOR BINDANDE PÅMELDING TIL KRETSLEIR I EIDFJORD ER ONSDAG 13. MARS 2019

Kaupanger speidargruppe deltek i år på ei reise «Att og fram» i tid i Øvre Eidfjord 29. juni til 6. juli! Det er Hordaland, Ryvarden og Sogn og Fjordane kretser som arrangerer kretsleiren med dette spennande temaet, der det m.a. blir haik på sjølvaste Hardangervidda.

REISE

Vi reiser med bilar til Eidfjord og tek sikte på å få dekt transporten.

OM LEIREN

Det ligg detaljert informasjon om kretsleiren på heimsida https://www.kretsleir.no/.

PRIS

Pris for speidarar og roverar er 2000 kroner, men Kaupanger speidargruppe vil dekke minst halvparten av leiravgifta. Vi tek òg sikte på å få dekt transporten slik at flest mogleg kan delta.

BINDANDE PÅMELDING

Vi håper så mange som mogleg har høve til å vere med til Eidfjord på denne flotte opplevinga!

Fyll ut påmeldingsskjemaet nedanfor innan fristen onsdag 13. mars (ver obs på kort frist!) og ver med på årets høgdepunkt! Ved spørsmål ta kontakt med Daniel (90827356) eller Trude (91556522) eller sjå leiren si heimeside.

Meir informasjon kjem etterkvart. Helsing leiarane!





Namn

E-post

Telefon

Fødselsdato:

Postadresse:

Rover per 1.6.2019 (ja/nei):

Alle: Har du matallergi eller annen allergi? Kva type?

Alle: Har du behov for særskilde medisinar som leiarane bør vite om? Ev. kva type?

Alle: Har du spesielle religiøse eller andre behov?

Merknadar: