Speidaropptak med kokkekamp i Svartehol 27. – 28. april!

Gjer deg klar til speidaropptak med gudsteneste og fornying av speidarløftet, og ikkje minst den tradisjonelle kokkekampen!

Tradisjonen tru arrangerer vi speidaropptak i samband med St. Georgsdagen, speidaren sin internasjonale festdag. Under speidaropptaket vil aspirantane avlegge speidarløftet for første gong, medan speidarar og roverar fornyar sine speidarløfte. Vi inviterer føresette, annan familie og vener til å delta på seremonien i lag med speidarane.

Program laurdag 27. april:

1530: aspirantar og speidarar går samla frå bommen
1700: speidar- og roveropptak med speidargudsteneste og fornying av speidarløfte i Svartehol

Laurdag kveld: kokkekamp, leirbål og overnatting (sjå eigen info om dette under)

Søndag 28. april:

1100: henting ved bommen

Kokkekamp:

Det er tradisjon at vi utfordrar nye og etablerte speidarar til kokkekamp i samband med speidaropptaket. Som førebuing er det lurt å finne nokon å slå seg i lag med og planlegge eit måltid de skal lage, enten på bål eller på gassbluss. Laga må sjølv ha med seg ingrediensane til måltidet. Målet er å imponere leiarane og dei andre speidarane. Vi stiller med dommar og premiar!

Overnatting:
Dei som ønskjer er velkomne til å overnatte. Den faste gapahuken vil først og fremst vere reservert for aspirantar og dei yngste speidarane, men dei som vil kan òg overnatte i hytta (med atterhald om nok plassar). Elles er det ope for alle som ønskjer det å lage gapahuk i området. Vi har presenningar som kan nyttast til dette.

Ta med:

  • speidarskjorte, skjerf og kniv (dei som har)
  • ingrediensar og konkurranseinstinkt til kokkekampen
  • eigen (grill-) mat og drikke til kvelds laurdag (eller et maten du har laga på kokkekamp), og frukost søndag
  • tallerken, kopp og bestikk
  • ev. utstyr og varme kle til overnatting
    • varm sovepose og liggeunderlag
    • hue, vottar og ekstra ullsokkar
    • hovudlykt/lommelykt
    • gode kle og sko

SJÅ ELLES PAKKLISTER ETC PÅ HEIMESIDA

 

Speidarhelsing

Leiarane