Speidaropptak med kokkekamp og overnatting i Svartahol

SPEIDAROPPTAK med KOKKEKAMP og overnatting i Svartahol

Laurdag 21. til sundag 22. april 2018

Speidaropptak med gudsteneste og fornying av speidarløftet startar laurdag kl. 17.00.

Me vil invitera foreldre, besteforeldre og syskin m.fl. til å delta på speidaropptak i lag med speidarane

  • Ta med ei kake/anna for felles kakebord, og gjerne eige grillmat
  • Kaupanger speidargruppe lagar kaffi/saft til alle
  • Dersom nokon ynskjer noko anna å drikke må dei ta med seg dette sjølv

Speidaropptak

  • Aspirantane går samla frå bommen laurdag 21.4.2017 kl. 15:30
  • Speidarane kjem etter frå bommen kl. 16:00 (dette for å unngå kaos ved avlevering)
  • Speidaropptak med speidargudsteneste og fornying av speidarløfte begynner kl. 17:00
  • Ta med speidarskjorte of speidarskjerf dei som har

Kokkekamp i Svartahol laurdag kveld

  • Me utfordrar samstundes alle speidarane til å delta i KOKKEKAMP laurdag kveld
  • Slå dykk i lag og ta med dei ingrediensar som de treng til å lage mat på bål
  • Imponer leiarane og dei andre speidarane
  • Me stiller med dommarar, og det vert premiering slik som tidlegare år

Overnatting

  • Speidarane og aspirantane som ynskjer det får lov til å overnatte
  • Den faste gapahuken brukast først og fremst av aspirantane (om dei ikkje ynskjer å liggja i eige gapahuk)
  • Alle får lov til å laga eige gapahuk i området rundt Svartahol
  • Dei som vil kan også overnatte i hytta (begrensa med plassar)
  • Ta med eige (grill-)mat og drikke til kvelds laurdag (eller et maten dykk laga på kokkekamp)
  • Ta med eige (grill-)mat og drikke til frokost sundag

Gudsteneste sundag

  • Takkoffer i kyrkja går i år til speidarrørsle. I høve dette er det kjekt om nokon Kaupangerspeidarar kan vera med i gudsteneste i stavkyrkja sundag. Dei som er med stiller i speidarskjorte og skjerf, og reiser ned litt tidlegare enn dei andre; også dei som ikkje er med på overnatting kan stille til gudsteneste i stavkyrkja om dei har høve. Vel møtt!

Viktig informasjon til aspirantane og påminning til speidarane

  • Speidarane treng ein god sovepose til overnatting (ikkje sommarsovepose). Dersom ikkje speidaren har ein skikkeleg sovepose bør foreldra gje speidaren dette ved næraste høve (t.d. til gebursdag eller til jul)
  • Vidare treng speidarane kopp, plastservice og bestikk (dette er standardutrustning for speidarane på alle turar)
  • Dei treng òg liggeunderlag, lykt/hovudlykt, kniv, fyrstikker; ullkle og hue for natta; gode utekle (både bukse og jakke) som tåler regn, og gode sko (helst fjellsko eller goretex joggesko)
  • Ei lita førstehjelpspakke er og godt å ha med på tur (sjølv om me leiarane alltid har med dette på speidarturar)
  • Me har presenningar for bygging av gapahuk. Dei yngste speidarane kan òg liggja i den permanente gapahuken eller inne i hytta.
  • Sjå òg pakkeliste på heimesida. Her er det nemnt ein del ekstra som kan vera aktuelt å ta med på nokre av turane (hue/vottar, ekstra ullsokkar, ryggsekk etc.).

HENTING: Speidarane hentast att ved bommen kl. 11.00 sundag

Speidarhelsing

Leiarane