VINTERMORO PÅ HODLEKVE 13.-15. MARS

Kaupanger speidargruppe inviterer til vintermoro i Hodlekve for speidarar og speidaraspariantar 13. til 15. mars 2015

OBS: PÅMELDINGSFRIST TORSDAG 5. MARS! Bruk påmeldingsskjema nede.

FREDAG 13. mars

  • Samling ved SIL-hytta i Hodlekve frå kl 18:00
  • Me har alpinanlegget fram til ca. kl. 20:30
  • Anlegget er ope for heile speidarfamilien (foreldre, syskjen, besteforeldre, venar m.m.)
  • Pris: 100,- per speidar/aspirant (familie, venar m.m. gratis)
  • Det vert kvelds i hytta frå ca. kl. 20:30
  • Frå kl. 21:00 vert det informasjon for dei i 8. klasse og oppover som skal på snøholetur laurdag. Sjå info nedst bak påmeldingsskjemaet
  • Aspirantane er velkomne i anlegget og til kvelds fredag men reiser heimatt same kveld. Dei kjem att til Hodlekve laurdag kl. 10:00 og dei aspirantane som ynskjer det får lov til å overnatte i hytta frå laurdag til sundag
  • OBS: Me ber om at alle foreldra tek med seg mat som me set på eit langbord til kvelds!

LAURDAG 14. mars

  • Aspirantane kjem kl. 10:30; dei aspirantane som vil får overnatte i hytta til sundag
  • Me vert ute heile dagen med ulike ski- og snøaktivitetar
  • Snøholetur frå 8. klasse og oppover med overnatting i snøhole (for dei som vil); dei som skal på snøholetur vert truleg frakta med snørekøyring etter snøskuter opp på fjellet
  • Om kvelden vert det kos og moro inne i SIL-hytta
  • Kan du bidra med programm (song, vitsar, historier, sketsjar m.m.)? Still opp åleine eller i grupper. Det er mogleg å ta dramamerke for dei som har laga til skikkeleg underhaldning

SUNDAG 15. mars

  • Rydding ut av hytta innan kl. 10:00
  • Henting kl. 11:00

TA MED

  • Godt med kle og utstyr for å vere ute i fleire dagar; speidarskjerf dei som har
  • Ski til å gå i fjellet med og eventuelt slalåmutstyr/telemarksutstyr i bakken; akebrett OBS: MERK SKI OG KLEDE!
  • Sovepose og liggeunderlag
  • Kopp, fat og bestikk
  • Maten (utanom fredagskvelden) vert kjøpt inn og ordna felles

PÅMELDINGSFRIST torsdag 5. mars

 

NOKRE PRAKTISKE TING om det å liggja i snøhole

Nokre praktiske tips om det å ligja i snøhole.

  • Me delar oss inn i grupper på 4 til 5 personar. Alle må være med å grava si hole. Det er tungt arbeid å grava snøhole, så me byter på den tyngste jobben. Arbeidet med gravinga tek nokre timer alt etter snøforholda. Ingen er fri før hola er ferdig.
  • Dette er viktig: Ta med regnklede til bruk under gravinga, slik at du unngår å bli våt under gravinga. Jobb jamt og ta småpauser, slik at du unngår å bli svett, og deretter kald når du tek pause. Ta med fotposer, eller om du ikkje har slike, knabber du pappa sine STORE raggsokker, som du kan dra utenpå skiskoa. Det hjelper deg til å holde deg varm på føttene. Hugs å eta og drikka nok.
  • Ta med klesbyte, helst ullunderkle. Du MÅ byta på deg før du legg deg. Sjå pakkelista for vinterturer på heimesida til speidaren.
  • Du må ha god sovepose og godt underlag.
  • Ta med termos og kubbalys: Snøhole + varm sovepose + kakao + talglys = kjempekos.
  • Temperaturen inni snøhola er om lag 0 grader, så om du er tørr og god er dette alle tiders gapahuk. Me har med spader, stormkjøken og mat til turen. Utstyret må pakkes i ryggsekk, og ikkje pakk større sekk enn du klarer å gå og køyre på ski med den. Du må ha turski, ikkje alpinski eller snowboard!
  • Til dei føresette: Det er dårlig mobildekning i området me skal være i. Det er kanskje like greitt å leggje igjen mobilen heime så den ikkje blir øydelagt av snø. Som tryggleik får me låna VHF radio av Røde kors.

Speidarhelsing leiarane

Ta gjerne kontakt med Sverrir (404 00 475) eller Matthias (975 62 968), skriv e-post til speidar.epost@gmail.com eller skriv melding i meldingsboksen ved påmeldinga om du har spørsmål